Våre tjenester

Stad Kystbygg er en totalleverandør som følger deg gjennom hele byggeprosessen – fra idé og planlegging, til ferdig bygg. Vi bistår med alt fra søknader og oppmåling til selve byggingen, taksering og mye mer. Med bred erfaring og lokal kunnskap hjelper vi deg å finne den beste løsningen for ditt prosjekt.

Ta gjerne kontakt – vi står klare til å hjelpe!

Tegning

Vi tilbyr teiknetenester i alle fasar av prosjektet – frå tidlege idéskisser til komplette 2D- og 3D-teikningar klare for byggesøknad og bygging.
Gjennom samarbeid med dyktige arkitektar får du tilgang til arkitektfagleg kompetanse til ein fornuftig pris, utan at det går utover tryggleik og konstruksjon. Når vi står for heilskapen – og får faglege innspel frå arkitektar – sikrar vi både eit robust bygg og ei god, gjennomtenkt utforming.

Ønskjer du å bygge sjølv, kan vi lage detaljerte elementteikningar og byggjesett som gjer montering enklare og meir presis. Vi kan også tilby kartunderlag og terrengmodellar som gjer det mogleg å visualisere bygget i 3D – slik at du ser korleis det vil ta seg ut i det faktiske terrenget. Vi sørger også for at bygget tilpassast terrenget og dei lokale omgjevnadene på ein god måte.

Har du eit eksisterande bygg som skal endrast eller dokumenterast, kan vi ta nøyaktige oppmålingar og lage komplette teikningar basert på det som står der frå før.

Vi tilbyr blant anna:

  • Skisser og konseptdesign

  • 2D-teikningar for byggesøknad og utføring

  • 3D-visualisering

  • Elementteikningar for byggjesett og produksjon

  • Terrengtilpassing og situasjonsforståing

  • Oppmåling og teikning av eksisterande bygg

Three people in a meeting room sitting at a table with notebooks, a laptop, and documents, discussing in front of large screen displays showing architectural designs and a blue login screen.
Technical construction drawing of a framing structure with detailed measurements, labels in Norwegian, and a parts list in table format.
A small, modern black house with large glass windows situated on rocky terrain in a foggy, mountainous landscape.
3D floor plan of a modern apartment with living room, dining area, bedroom, and bathroom, featuring light-colored furniture and black wall accents.
Interior of a modern wooden house with floor-to-ceiling windows showing a forest landscape, a light blue sectional sofa with cushions, a round wooden coffee table with a lit candle, a wall clock, a kitchen counter with a sink, a person sitting at a dining table with a laptop, and bookshelves with books.

Søknad

Byggesøknadsprosessen kan vere kompleks – men vi gjer den enkel for deg. Vi bistår med heile prosessen, frå søknadsskriving til oppfølging av kommunen. Vi sikrar at alle krav er oppfylt og at søknaden vert levert korrekt og effektivt.

Vi hjelper deg med:

  • Byggesøknader (med og utan ansvarsrett)

  • Étrinnssøknad, rammetillatelse, igangsettingsløyve, mellombels bruksløyve og ferdigattest.

  • Dispensasjonssøknader

  • Nabovarsel og all nødvendig dokumentasjon

  • Risikovurderingar som rasfare og andre naturfareutgreiingar

  • Oppfølging og dialog med kommune og offentlege etatar

  • Oppmåling av bygg til ferdigattest

Multiple forms or documents overlapping each other, with text and boxes for filling out information, printed on white paper with black text.
Two people studying blueprints at a table, one is a woman with long curly hair, the other is a man with short hair, both wearing black hoodies.

Oppmåling

Enten du er privatperson, utbyggjar eller entreprenør, kan vi bistå med presise og fleksible oppmålingstenester tilpassa ditt prosjekt. Vi tilbyr alt frå enklare innmålingar til meir avanserte kart- og datagrunnlag. Vi brukar moderne og presist måleutstyr, og leverer data i format som kan nyttast vidare av både arkitekt, ingeniør og kommune. Uansett omfang sørger vi for eit nøyaktig grunnlag du kan stole på – frå start til slutt.

Vi tilbyr blant annet:

  • Oppmåling av bygg for ferdigattest, med levering i KOF-format klart til innsending

  • Innmåling av eigedom og tomt – perfekt dersom du vil vurdere plassering før du søkjer frådeling eller dispensasjon

  • Koordinatfesting av rør og kablar i grunn, for dokumentasjon og framtidig drift

  • Måling av strømlinjer – som gir retningslinjer for fundament og plassering av høyspentlinjer.

  • Mengdeberegning av masser – vi måler inn og kalkulerer volumer for utfylling, bortkøyring eller fakturagrunnlag

Two people conducting outdoor survey or research on grassy hillside overlooking mountains, lake, and trees, with equipment such as a GPS device and survey markers.
A surveying instrument with a mounted electronic device on a pole in a mountainous outdoor landscape, overlooking a lake and green valleys.
A landscape view from a hilltop featuring a mountaintop valley, rolling hills covered in greenery, and a distant town by a river. In the foreground, a Topcon FC-6000 GPS surveying device is mounted on a pole, with a red and white survey marker next to it.
A surveying instrument equipped with a digital screen mounted on a pole, overlooking a mountainous landscape with a river and town in the background.

Takst

Å ha ei nøytral og fagleg vurdering av eigedom kan vere avgjerande – anten du skal selje, kjøpe, sikre finansiering, dokumentere skade eller avklare teknisk tilstand. Vi tilbyr taksttenester som gir deg den oversikta du treng for å ta gode og trygge avgjerder.

Vi kombinerer byggteknisk kunnskap med lang erfaring frå feltet, og leverer takst med høg kvalitet og dokumentasjonsverdi. Alle vurderingar blir utført av kvalifiserte fagpersonar med forståing for både praktiske og juridiske sider ved eigedom.

Vi hjelper deg med:

  • Verditakst – vurdering av reell marknadsverdi, brukt ved sal, kjøp eller refinansiering

  • Tilstandsrapport (NS 3600) – teknisk vurdering av bustad og fritidseigedom med fokus på risiko og vedlikehaldsbehov

  • Forhåndstakst av tomt eller prosjekt – anslag over verdi og potensial ved utbygging eller utvikling

  • Reklamasjonstakst – uavhengig vurdering ved feil, skadar eller manglar etter byggearbeid

  • Skadetakst – dokumentasjon etter brann-, fukt- eller annan skade, til bruk mot forsikring eller entreprenør

  • Fagleg vurdering ved tvist – teknisk dokumentasjon og uttale som kan nyttast i juridiske eller private konfliktar

  • Byggekontroll og følgjeopp – gjennomgang og kontroll undervegs i byggeprosjekt, med fokus på kvalitet og avvik

Vi gir deg eit solid grunnlag for vidare steg – anten det handlar om økonomi, vedlikehald eller rettstryggleik. Treng du råd om kva type takst som passar best i di sak, tek vi gjerne ein uforpliktande prat.

Three people sitting at a table in a meeting room, smiling and talking. One woman with long hair is on the left, two men are on the right, one with short hair and the other with a receding hairline. The table has papers, a laptop, a calculator, and notebooks.
A middle-aged man with a beard and short hair standing outdoors in front of a body of water with a cloudy sky, wearing a gray jacket with the words 'Stad Kystbygg' on it.