Om oss
Vi er ei ung bedrift som starta tilbake i 2016. Vi er eit kollegium som til saman innehar ei brei, men og spesiell kompetanse. Det som kjenneteiknar oss, er mellom anna at vi kan ta heilebyggeprosessen din frå fyrste idè og heilt fram til du kan nyte ein kaffikopp eller ein iste i sofakroken i din nye bustad eller hytte. Ikkje mange er som oss. Du kan forholde deg til same teamet gjennom heile prosessen, der vi:
- Gjer innsalget gjennom grundige salgsamtaler
- Utformer skisser og deretter teikningar for søkeprosessen.
- Er ansvarleg søkar for prosjektet
- Detaljprosjekterar (Det er mogleg å få skreddarsydde løysingar og detaljar for ditt hus.)
- Bygger prosjektet ditt og koordinerar med andre fag undervegs (Totalleverandør)
Historisk tidslinje
2016: Stifting av selskapet i april. Vi byrja produksjon av grindbygg med ein tanke om å utnytte den lokale Sitkagrana som vanlegvis blir sett på som eit problem.
2017-2018: Bygging av produksjonshall på Nedre Sjåstad og tilsetjing av kalkulatør, salgsmedarbeidar og ingeniør.
2020: Patentering av vårt eige hyttekonsept, seinare kalla “Snaut” Prototypen av Snaut er framleis under planlegging. Vi hadde stor produksjon av dagsturhytter for Vestland og Rogaland.
2022: Vi bygger Fiskå Brygge. Vårt største enkeltståande prosjekt så langt i historia. Motell, med overnatting og restaurant, samt kontorutleige i toppetasjen.
2023: 2025: Marknaden stilna av. Vi leverer nokre fine prosjekt, men det er ikkje nok. Vi må nedbemanne.
2025: Framover skal Stad kystbygg blankpolere sine evner som element og modulprodusent. Vi har funne vår plass og vil satse i eit stort marked, truleg også internasjonalt etterkvart. Stadbygde prosjekt lokalt er ikkje prioritert, men vi har ei lita avdeling til dette også. Fokuset vårt er no tilbake på produksjon av monteringsklare hus, hytter og andre småhus.
Vår visjon
Kva vi vil:
Basert på Haugianarane sin tankegang, om at vi alle er utrusta med eit knippe egenskapar og personlege gåver til å tene andre med, så vil også vi vere med å skape arbeidsplassar og gje grunnlag for eit samfunn å utvikle seg. Det handlar om å tene kvarandre med kvar våre tildelte evner og gåver.
Kva vi gjer
Vi bygger monteringsklare hus, hytter og andre småhus. Og vi leverar på land, til sjøs og til fjells. Både med bil, båt og helikopter. Vår byggestil er alt frå urgamal byggeskikk med skifertekka grindverk til ultramoderne smarthus. Stad kystbygg har vunne to store kontrakter med Vestland og Rogaland fylke om bygging av dagsturhytter.Vi har levert meir enn 60 slike hytter i sørvest-Norge.
Kvifor vi gjer det vi gjer
Vi kjenner på eit ansvar for å vere byggande i alt vi gjer. Etter å ha lese om Hans Nielsen Hauge og kva hans forkynning og arbeid førte til for Nasjonen Norge, så er han ein stor inspirasjon for oss. Men vi er ikkje han, vi må finne vår plass i samfunnet og gjere det vi er kalla til i dag. Korleis dette ser ut i praksis er spennande å finne ut av. Bli gjerne med på reisa vår vidare !
