Kraftbod - energiproduksjon og lagring i eitt!

Kva er ei kraftbod?
Kraftboda er ei kompakt løysing som kombinerer lagringsplass med eigen straumproduksjon. Ho ser ut som ei vanleg bod, men inni skjuler det seg teknologi som kan gi deg straum – også ved straumbrot. Du kan bruke ho som redskapsbod, lager, men og energisentral ved bustaden, hytta eller naustet.

Den gode kjensla av sjølvberging

  • Å sanke grønsaker, plukke bær og fiske gjev tryggleik og ei god kjensle.

  • I vår tid kan vi også sanke energi – frå sol, vind og vatn.

  • Kraftboda gjer eigen kraftproduksjon til ein naturleg del av sjølvbergingstradisjonen.

Fordelar med kraftboda

  • Vanlegvis ikkje byggjesøknad
    Bod på 10 m² er normalt unntatt søknadsplikt, men sjekk alltid med kommunen.

  • Eigen straumproduksjon
    Solceller gir straum til lys, varme og lading – avhengig av dimensjonering og forbruk, samt årstid.

  • Backup ved straumbrot
    Generator og batteripakke kan sikre straum ved nettutfall.

  • Sparing og sal
    Du kan bruke straumen sjølv, styre forbruket til gunstige tider, og i nokre tilfelle selje overskot til nettet (avhengig av avtale med straumselskap).

  • Energirådgjeving og Enova-støtte
    Du får profesjonell rådgjeving og kan søke støtte frå Enova til solceller og energitiltak.

  • Mogleg oppgradering av bustaden
    Kraftboda kan bidra til betre energimerk og påfølgande høgre verdi.

  • Tilgang til grønt bustadlån
    Dersom bustaden oppnår energikarakter B eller betre, kan du kvalifisere for lågare rente hos banken.

Start med sol som grunnstein

– og bygg vidare med generator, batteri, fleire solceller, solcellestativ, vind eller vatn.

Kraftboda er fleksibel, og du vel sjølv kor mykje beredskap og eigenproduksjon du vil ha !

Kraftboda – fråpris og tilval

Fråpris: 270 000 kr inkl. mva. Dette inkluderer bod, inverter og solceller – med høve til å selje overskotstraum og montere ekstra solceller på andre bygg i tilknyting til boda.

Enova-støtte for solceller (2025/26)

Installert effekt (kWp) Støtte per kWp: 5 kWp - 2 500 kr inntil maks kr37 500 kr

Kombinasjon med batteri

  • Batteri gir 10 000 kr ekstra støtte.

  • Maks samla støtte = 47 500 kr (37 500 kr sol + 10 000 kr batteri).

Tilval du kan legge til:

  • Generator (+25 000 kr) Gir eigen straum ved straumstans og aukar beredskapen.

  • Batteripakke (+55 000 kr) Lagrar straum, glattar ut toppar og gir meir fleksibilitet i eigenforbruket.

  • Ekstra solceller (pris per kWp) Utvid produksjonen og få høgare innsparing og støtte.

  • Solcellestativ for bakken Perfekt der taket ikkje har optimal vinkel eller plass.

  • Vindturbin (frå ca. 7 000 kr) Gir seriøst vintertilskot på vindutsette stader som Stadlandet.

  • Småskala vasskraft (pris etter tilhøve) For deg med bekk eller vassfall – jamn produksjon heile året.

Eksempel – huseigar på Vestlandet

  • Straumforbruk: 20 000 kWh/år

  • Årleg straumkostnad: ca. 24 000 kr

  • Investering i kraftbod (avansert modell): 350 000 kr

  • Enova‑støtte: ca. 30 000 kr

  • Netto investering: 320 000 kr

  • Bruksverdi som bod (grunnfunksjon): ca. 95 000 kr

Reell investering i energikomponentar: 225 000 kr

Årleg gevinst (føresetnader)

  • Eigenproduksjon + sal: ca. 11 600 kr

  • Batterisparing: ca. 2 000 kr

  • Grønt bustadlån: ca. 7 500 kr Totalt: ca. 21 100 kr/år

* (Frakt og grunnarbeid er ikkje medrekna i kalkyla)

Tilbakebetalingstid

  • Utan bodverdi: ca. 15 år

  • Med bodverdi trekt frå: ca. 10–11 år

Fleksibel bruk

Kraftboda kan tilpassast ulike behov:

  • Redskapsbod – med lys og straum til verktøy og ladarar

  • Vedbod eller lager – med straumtilgang

  • Naust eller hyttebod – med backupstraum og batteri

  • Energipunkt ved bustaden – som gir straum, verdi og beredskap

  • ++

Konklusjon

Kraftboda gir både ein praktisk bod med eigen nytteverdi og ei energiløysing som kan betale seg på rundt 10 år. Etter dette gjev anlegget rein vinst – samtidig som boda alltid har verdi som lager og funksjonsbygg.